Informasjonskampanje
klassen fekk i oppdrag og føre ein informasjonskampanje. Målet var å informere elevane ved sogndal vgs om internasjonal dag. Me informerte om når det var, kvifor me valde å ha ein sånn dag og kva som kom til å skje. Me hadde internasjonal dag også i fjor og viste derfor kva som hadde skjedd sidan sist. Me brukte derfor resultata av dagen i fjor som motivasjonsfaktor for at elevane skulle gjere ein like bra jobb i år. kunnskap lede til engasjement, målet vårt var derfor å informere flest mogleg.
oppgåva vår var å informere resten av skulen om internasjonal dag. For å få til dette var det nødvendig å tenke godt over mottakarane våre, og korleis medier og verkemiddel som me måtte ta i bruk for å nå målgruppa vår. Me prøvde å få informasjonen inn frå flest mogleg kanalar i håp om å nå flest mogleg. Me valde å bruke facebook, stands, me hadde foredrag i T1 og T2 der me hadde power point og vidte film og me gjekk rundt på skulen med I<3 Eshowe T-skjorter mm.
i etter tid ser me at noko av informasjonen ikkje kom ut til alle. Foredraga var blant anna prega av dårleg oppmøte, men jamt over fungerte det veldi fint.
Legg att eit svar