Arbeid med eksempler og kjeldesøk
I denne oppgåva skulle me:
– Skrive fakta om landet
-Beskrive styresettet
-Avklare korleis grupper i landet som er minoritet og majoritet
-Finne ut korleis rolle medie har i landet
-Finne fram til sentrale nyheitsmedier
– Finne fram til internasjonale medier f.eks CNN, BBCWorld ol. og finne ut korleis relasjonen mellom minoritetsgrupper/majoriteten i desse landa vert behandla i desse mediene.
– Kva norske medier skriv om dette.
-Vurdere korleis og i kva grad ulike grupper, urfolk og nasjonale og etniske minoritetar vert sett på dagsordenen og framstilt i nasjonale og internasjonale medier.
Me valde å jobbe med Burma fordi det var eit land me hadde høyrt lite om. Etter å ha jobba me landet skjønnar me at dette kjem av at Burma er eit militærdiktatorisk land der mediene er svært kontrollerte. Regimet er anklaga for å ikkje respektere menneskerettigheitane der ytringsfridom er ein viktig faktor. Ugunstig stoff i Burma er blant anna diskusjon om demokrati, politisk korrupsjon, HIV/AIDS, naturkriser, fotballkampar og forsøk på å skjule kritikk mot regimet.
Alle artiklar i landet må gjennom ein streng sensur før dei kan trykkast. Både aviser, TV og radio er alle eigd av regjeringa, noko som gjer at regjeringa får kontroll over mediene. På denne måten får ikkje mediene i Burma den same posisjonen som «vakthund» som dei har i Norge. Negative forhold i samfunnet vert derfor ikkjen avdekka på same måten som her. Dersom nåken forsøker utsetter dei seg sjølv for svært stor fare.
Legg att eit svar