Me fekk i oppgåve å kommentere på bloggane til nokre medieelevar i Kongsberg. Eg var blant anna inne på bloggen til Tonje Renee . Ho har lagt ut ein tekst om informasjonskløfter. Denne teksten er eit førsteutkast, eller ein forklaring på korleis ho ynskjer å skrive teksten. Her skriv ho kva ho tykkjer er viktig å legge vekt på i teksten ho skal skrive, korleis ho vil få fram denne informasjonen, og nokre problemstillingar ho ynskjar å nytte.
Dette er kommentaren eg skreiv på innlegget til Tonje, Informasjonskløft-første utkast!:
Heihei Tonje:)
eg går på sogndal vidaregåande skule, og me i medieklassen fekk i oppgåve å kommentera på bloggane dikkas:)
Eg tykkje førsteutkastet til teksten din verkar veldi bra! Likar spesielt godt den første setninga. Her får du tydeleg fram med ein gong kva du ynskjer å legga vekt på i oppgåva di:) seinare likar eg også godt at du har lagt ein plan for korleis du ynskjer å få fram informasjonen i teksten din (ved å sjå ting frå fleire sider osv.) definisjonen din av informasjonskløft er også veldig bra.
Kanskje det hadde vore nok med ei problemstilling (for å få ein tydelegare raud tråd som held teksten saman) og det kan hende det hadde vore nok å fokusere på to, eventuelt tre medium også.
men trur absolutt dette er starten på ein veldig bra tekst. Planen lovar vertfall bra:) lykke til me skrivinga:)
Eg trur ho kjem til å få ein kjempe bra tekst ut fra det ho skreiv i dette innlegget. Hadde berre positive ting å sei. Eg kom berre med nokre tips om kva eg hadde gjort dersom det var mi oppgåve å skrive ein tekst om informasjonskløfter, men er ikkje sikkert det gjer teksten noko bedre. Kan håpe;)
Legg att eit svar