Stereotypi
Det er ei kjend sak at fleirkulturelle forhold som oftast kjem fram i media når saker som omskjering, tvangsekteskap, æresdrap og kriminalitet vert teke opp. (Asbjørnsen m. fl. 2007, s.100) Dette er klart noko av grunnen til det som vert kalla stereotypi. Stereotypi vert beskrive på wikipedia som, ”et forenklet mentalt bilete av et individ eller en gruppe mennesker som har noen felles karakteristiske (eller stereotypiske) kvaliteter.” Eller som det enklare står i Mediemøte 2, ”forenkla, vanebunden og missvisande førestelling om andre.” Utan at me tenkjer over det har me menneskjer visse tankar om andre folk og folkegrupper utan at me er kjende med personane og bakgrunnane deira. Me gjer det som på godt norsk vert kalla, å ta alle under ein kam. Spørsmålet er, korleis er media med på å skape stereotypi?
Fleire undersøkingar viser at media viser eit skeivt og einsidig bilete av det fleirkulturelle samfunnet. Pressa er derfor i stor grad med på å skape og forsterke fordommar og stereotypiar hos folk. (Asbjørnsen m. fl. 2007, s.99) Mange av oss kjenner ingen, eller har lita kjennskap til menneskjer med anna kulturbakgrunn. På den måten kan det vere vanskeleg å gjere seg opp eit bilde av t.d. ein person frå Somalia, utan å trekkje inn det som har vorte teke opp i media. Media sin jobb er å forenkle og spisse sakene, samstundes som det skal vere fokus på konflikt, motsetnadar, aktualitet og gjerne person. Dette kjem ofte veldig uheldig ut når det gjeld fleirkulturelle tema. (Asbjørnsen m. fl. 2007, s.99)
Dersom eg seier muslim tenker nok dei fleste på sjølvmorsbombing, burka, kvinneundertrykking og liknande. Men dersom ein går inn for å lære og forstå vil nok dei fleste av oss få eit litt anna inntrykk av religionen og dei som trur på han. Det er nok mykje me ikkje er einige i, men me vil sjå at ikkje alle muslimar er like, og veldi få av dei er som me trur. Me må ikkje alltidd bruke media som kjelde til kunnskap. Dei fleste medium har fokus på sak og personar, noko som ikkje gjev oss det rette heilheitsinntrykket. Media er nemleg i stor grad med på å skape den redselen me har til for eksempel muslimar. Dei skapar ein frykt i oss, betre kjend som framandfrykt.
På den andre sida kan pressa vere med på å skape forståing mellom personar med ulik kulturbakgrunn. Gjennom media kan me også få informasjon om andre kulturar som kan vere med på å skape forståing og byggje bruer. Det står på side 118 i mediemøte2 at, ”me kan sjå på journalistikk som ein type tverrkulturell kommunikasjon.” Gjennom aviser og liknande kan me lære kvarandre å kjenne. Det einaste ”kravet” er at me må gå inn for det med eit ope sinn og ei forståing for at me har ulike syn på ting, utan at det eine treng vere meir rett enn det andre.
Alt i alt kan ein sei at media er med på å skape framandfrykt, og set ofte menneskjer med ei anna kulturell bakgrunn i eit dårleg lys. Samstundes er dei også på høgt nivå med på å byggje bruer mellom kulturar. Eg meina ikkje at det berre er media som lagar stereotypar. Så klart dei bidreg, men til sjuande og sist er det me som lesarar som står for fordommane. Det gjeld for oss å legge fokus på kunnskap om religion og kultur, og vise interesse for forståing. Me som lesarar vil nok bruke lenger tid på ei dobbelside i VG om 11. september enn ei dobbelside om islam, men det er då me som lesarar heller skal bruke dei ekstra minuttane det tek å komme gjennom sidene om islam. Islam er den nest største religionen i landet vårt. Me tenker kanskje ikkje over det, men dei er ein stor del av landet vårt. Når du tenkjer deg om, er alle muslimar terroristar? Er alle somaliar kriminelle? Er alle buddhistar munkar? Et alle nordmenn brunost på nistepakken? ….
Kjelder:
http://no.wikipedia.org/wiki/Stereotyp
Mediemøte2, Asbjørnsen m. fl.
Jeg er enig i det du sier, media bør kanskje være enda litt flinkere til å bygge broer mellom kulturene og religionene i stedet for å sette de i bås. Det er et veldig viktig tema du tar opp, og det er skrevet godt!
Jeg synes du har en svært interessant problemstilling. Media er i aller høyeste grad en av de faktorene som er med på å påvirke til stereotypi, og du spør deg hvordan. Nå vet ikke jeg hvorvidt du skal besvare hele problemstillingen i teksten, men jeg har noen synspunkter å komme med som du muligens kan ta med deg videre i ditt arbeid.
Du skriver at ”fleirkulturelle forhold som oftast kjem fram i media når saker som omskjæring, tvangsekteskap, æresdrap og kriminalitet vert teke opp”. Etter min mening burde du være litt forsiktig med å gå i den fellen du sier ”me menneskjer” gjør om flerkulturelle forhold, ved å her ta ”alle (medier) under en kam”. Her synes jeg du burde komme med noen konkrete eksempler til aviser, TV kanaler eller nettsider som har vist seg å gi et trangsynt bilde av en sak, for å underbygge det ”faktum” du skriver om. Et tips kan være å gå inn på http://presse.no/ her ligger PFUs base over spesifikke saker som har blitt behandlet i forhold til Vær Varsom plakaten – og jeg vet at det er noen her som behandler nettopp dette med fremstilling kun fra en side.
En annen ting jeg tror det kan være greit å komme inn på og kommentere er hvor viktig det som en konsekvens av at media setter dagsorden og belyser ting på stereotypisk vis, er å være kildekritisk. Jeg tror dette er en viktig side av temaet du belyser, det er svært dagsaktuelt og spennende og dersom du trekker deg selv og ditt forehold til kildekritikk blir det bare enda mer spennende. I forbindelse med kildebruk, synes jeg også at du kan forsøke å frigi deg litt fra kildene. Ellers en god artikkel jeg tror du kan komme langt med, ordntlig spennende å lese! Lykke til