Feeds:
Innlegg
Kommentarar

På barneheimsturne i Latvia og Estland med dansegruppa Prestige


Dette er dansegruppa prestige. Me består av Leni, Marie, Birgitte, Åsa, Elise, Devon, Maria, Anders Martin og meg, Anette. 25.03.10 – 03.04.10 var me på barneheimsturne i Latvia og Estland. Målet med denne turnen var for oss å glede andre med det me gjer. Etter seks månedar med konstant øving skulle me endeleg få vise fram det me har jobba så lenge med. Sjølv om me ikkje forstår kvarandre, og sjølv om me kjem frå ulike plassar skulle me ha det kjekt ilag med ungane i Latvia og Estland gjennom dans.

Dans er eit språk som er uavhengig av landegrenser.


Dansegruppa prestige og filmann Ola er no klare for å reise til Latvia. Spente sit dei og ventar på flyet.

Etter uendeleg mange timar på farten kunne me klokka 02.00 endeleg legge oss ned på sengene på barneheimen Grasi der me skulle tilbringe dei neste fire dagane.

Grasi er ein barneheim i Latvia. Barneheimen vert dreven av ein franskmann og ideen bak barneheimen er at ungane skal føle dei har ein verkeleg familie. Barneheimen består av mange mindre hus der kvar familie bur. Ein familie består av ca. åtte ungar og ein vaksen person som varierar alt ettersom kven som er på jobb. Ungane får lov å bu på barneheimen fram til dei er 24 år, så lenge dei går på skule. Dei vert også invitert heim til jul, bursdagar og liknande etter at dei har flytta ut. Dette er for at ungane skal ha ein stad å komme tilbake til sjølv når dei byrjar bli vaksne. Barneheimen er på ein gard der alle ungane har ulike oppgåver. Dette er for å forbrede dei på det vaksne livet. Me vart også fortalt at den største grunnen til at ungane havna på barneheimen var på grunn av at  foreldra hadde sterke alkoholproblem.

Vår første morgon på Grasi starta som alle andre morgonar med gjennomgang av dagsplanen. Denne dagen skulle me møte ungane for første gong, noko alle var utruleg spente på!

Medan me venta på at ungane skulle verte ferdige på skulen reiste me ein tur for å utforske byen barneheimen ligg i, Cesvaine. Biletet seier sitt om vegkvaliteten, kjem nok ikkje til å klage på vegane i Norge på ei stund.

Husa me såg på vegen var heller ikkje av god kvalitet. Latvia er prega av store kontrastar noko som var tydeleg heile turen.

Når me kom ned til Cesvain kunne me med stor glede sjå plakatar rund i byen som informerte folk om Prestige si danseforestilling på ungdomskulen dagen etter.

Når me kom tilbake til Grasi var det tid for vårt første møte med ungane.

Rundt 30 herlege ungar sat med store auger under heile forestillinga, og me på scena koste oss meir enn nokon sinne. Dette var det me var her for. Sjå gleden i auga til ungane. Ei glede me fekk fram ved å gjere det me likar best.

Etter forestillinga stod ungane på golvet og hoppa, nesten alle var dei klare for workshop.

Venner vart me fort. Dette biletet er av Leni og Nicita.

Her er me komme i gang med barnestykket på skulen i Cesvain. Her kom verkeleg kontrastane fram. På vegen såg me falleferdige hus og vegar som knapt kunne køyrast på, men skulen var av høg kvalitet. Ikkje mange vidaregåande skular i Norge kunne måle seg med dette. I hallen var der ein stor «oase» midt i rommet, scena var kjempe stor med lydanlegg av ypperste klasse.

Etter forestillinga var det workshop for dei som hadde møtt opp. Nokre av ungane på Grasi hadde gått i over ein time ned til skulen for å sjå forestillinga vår ein gong til, og for å vere med på dagens andre workshop.

Den fjerde dagen på Grasi var heile dagen sett av til å vere med ungane. Her leikar me ein leik som ein av ungane har lært oss. Etterpå er det tid for dans igjen. ungane er like ivrege som alltid.

Viktig me pausar når ein dansar.

Filmkameraet var veldig spenande. Her er det Aleksanders som kosar seg med å filme.


Når me var ferdige å danse var det tid for perling. Her er det Anders Martin som er så heldig å få eit armeband.

På ettermiddagen reiste Prestige ned i huset til nokre av ungane for å sjå korleis dei budde. Her sit me og ser i album frå tida deira på Grasi.

Her er det Alina som ivreg viser fram albummet sitt.

Åsa og Ove Henning, ledaren for Dans uten grenser.

På kvelden hadde me laga til forvellfest til ungane. Me hadde kjøpt inn ballongar, brus, is og masse meir. Her leikar me stolleiken.

Fra Norge hadde me med YIT capsar til alle.

Morgonen etter reiste me vidare til Estland.Her har me forestilling på ein ungdomsskule.

Danseforhalda var ikkje alltid like gode. Dette er fra ein liten kjellar på ein barneheim i Estland.

Det var ikkje berre på barneheimar og skular me dansa. Her er me i eit dansestudio der me fekk varme opp saman med nokre estlandske dansarar.

Fellesbilete må til, her er både norske og estlandske dansarar samla.

Her er me komme til siste stoppestad på turen vår. Dette er ein SOS barneby i Valmiera i Latvia. Her er heile gjengen trøytte etter ein lang dag.

Dagen etterpå var det tid for det siste showet på turneen.

Tid til å leike med ungane hadde me også.

Klokka 04.00 er Prestige klare for heimreise. Det har vore ein lang tur med mange inntrykk. Sjølv om me har sett mykje elende og triste ting er turen prega av det posetive. Dei smilande ungane, gleden dei hadde av å danse og  gleden dei viste berre av å ha oss der. Det å sjå at sjølv om me ikkje snakka set same språket, og mange av ungane ikkje kunne engelsk, greide me likevel å kommunisere. Me hadde nemleg denne felles tingen, me hadde dansinga. I det me sette på musikken var det ikkje så farleg lenger. Då var det som om me alltid hadde kjent kvarandre.

Informasjonskampanje

klassen fekk i oppdrag og føre ein informasjonskampanje. Målet var å informere elevane ved sogndal vgs om internasjonal dag. Me informerte om når det var, kvifor me valde å ha ein sånn dag og kva som kom til å skje. Me hadde internasjonal dag også i fjor og viste derfor kva som hadde skjedd sidan sist. Me brukte derfor resultata av dagen i fjor som motivasjonsfaktor for at elevane skulle gjere ein like bra jobb i år. kunnskap lede til engasjement, målet vårt var derfor å informere flest mogleg.

oppgåva vår var å informere resten av skulen om internasjonal dag. For å få til dette var det nødvendig å tenke godt over mottakarane våre, og korleis medier og verkemiddel som me  måtte ta i bruk for å nå målgruppa vår. Me prøvde å få informasjonen inn frå flest mogleg kanalar i håp om å nå flest mogleg. Me valde å bruke facebook, stands, me hadde foredrag i T1 og T2 der me hadde power point og vidte film og me gjekk rundt på skulen med I<3 Eshowe T-skjorter mm.

i etter tid ser me at noko av informasjonen ikkje kom ut til alle. Foredraga var blant anna prega av dårleg oppmøte, men jamt over fungerte det veldi fint.

Arbeid med eksempler og kjeldesøk

I denne oppgåva skulle me:

– Skrive fakta om landet

-Beskrive styresettet

-Avklare korleis grupper i landet som er minoritet og majoritet

-Finne ut korleis rolle medie har i landet

-Finne fram til sentrale nyheitsmedier

– Finne fram til internasjonale medier f.eks CNN, BBCWorld ol. og finne ut korleis relasjonen mellom minoritetsgrupper/majoriteten i desse landa vert behandla i desse mediene.

– Kva norske medier skriv om dette.

-Vurdere korleis og i kva grad ulike grupper, urfolk og nasjonale og etniske minoritetar vert sett på dagsordenen og framstilt i nasjonale og internasjonale medier.

Me valde å jobbe med Burma fordi det var eit land me hadde høyrt lite om. Etter å ha jobba me landet skjønnar me at dette kjem av at Burma er eit militærdiktatorisk land der mediene er svært kontrollerte. Regimet er anklaga for å ikkje respektere menneskerettigheitane der ytringsfridom er ein viktig faktor. Ugunstig stoff i Burma er blant anna diskusjon om demokrati, politisk korrupsjon, HIV/AIDS, naturkriser, fotballkampar og forsøk på å skjule kritikk mot regimet.

Alle artiklar i landet må gjennom ein streng sensur før dei kan trykkast. Både aviser, TV og radio er alle eigd av regjeringa, noko som gjer at regjeringa får kontroll over mediene. På denne måten får ikkje mediene i Burma den same posisjonen som «vakthund» som dei har i Norge. Negative forhold i samfunnet vert derfor ikkjen avdekka på same måten som her. Dersom nåken forsøker utsetter dei seg sjølv for svært stor fare.

Me fekk i oppgåve å kommentere på bloggane til nokre medieelevar i Kongsberg. Eg var blant anna inne på bloggen til Tonje Renee . Ho har lagt ut ein tekst om informasjonskløfter. Denne teksten er eit førsteutkast, eller ein forklaring på korleis ho ynskjer å skrive teksten. Her skriv ho kva ho tykkjer er viktig å legge vekt på i teksten ho skal skrive, korleis ho vil få fram denne informasjonen, og nokre problemstillingar ho ynskjar å nytte.

Dette er kommentaren eg skreiv på innlegget til Tonje, Informasjonskløft-første utkast!:

Heihei Tonje:)
eg går på sogndal vidaregåande skule, og me i medieklassen fekk i oppgåve å kommentera på bloggane dikkas:)
Eg tykkje førsteutkastet til teksten din verkar veldi bra! Likar spesielt godt den første setninga. Her får du tydeleg fram med ein gong kva du ynskjer å legga vekt på i oppgåva di:) seinare likar eg også godt at du har lagt ein plan for korleis du ynskjer å få fram informasjonen i teksten din (ved å sjå ting frå fleire sider osv.) definisjonen din av informasjonskløft er også veldig bra.
Kanskje det hadde vore nok med ei problemstilling (for å få ein tydelegare raud tråd som held teksten saman) og det kan hende det hadde vore nok å fokusere på to, eventuelt tre medium også.
men trur absolutt dette er starten på ein veldig bra tekst. Planen lovar vertfall bra:) lykke til me skrivinga:)

Eg trur ho kjem til å få ein kjempe bra tekst ut fra det ho skreiv i dette innlegget. Hadde berre positive ting å sei. Eg kom berre med nokre tips om kva eg hadde gjort dersom det var mi oppgåve å skrive ein tekst om informasjonskløfter, men er ikkje sikkert det gjer teksten noko bedre. Kan håpe;)

Stereotypi

Det er ei kjend sak at fleirkulturelle forhold som oftast kjem fram i media når saker som omskjering, tvangsekteskap, æresdrap og kriminalitet vert teke opp. (Asbjørnsen m. fl. 2007, s.100) Dette er klart noko av grunnen til det som vert kalla stereotypi. Stereotypi vert beskrive på wikipedia som, ”et forenklet mentalt bilete av et individ eller en gruppe mennesker som har noen felles karakteristiske (eller stereotypiske) kvaliteter.” Eller som det enklare står i Mediemøte 2, ”forenkla, vanebunden og missvisande førestelling om andre.” Utan at me tenkjer over det har me menneskjer visse tankar om andre folk og folkegrupper utan at me er kjende med personane og bakgrunnane deira. Me gjer det som på godt norsk vert kalla, å ta alle under ein kam. Spørsmålet er, korleis er media med på å skape stereotypi?

Fleire undersøkingar viser at media viser eit skeivt og einsidig bilete av det fleirkulturelle samfunnet. Pressa er derfor i stor grad med på å skape og forsterke fordommar og stereotypiar hos folk. (Asbjørnsen m. fl. 2007, s.99)  Mange av oss kjenner ingen, eller har lita kjennskap til menneskjer med anna kulturbakgrunn. På den måten kan det vere vanskeleg å gjere seg opp eit bilde av t.d. ein person frå Somalia, utan å trekkje inn det som har vorte teke opp i media. Media sin jobb er å forenkle og spisse sakene, samstundes som det skal vere fokus på konflikt, motsetnadar, aktualitet og gjerne person. Dette kjem ofte veldig uheldig ut når det gjeld fleirkulturelle tema. (Asbjørnsen m. fl. 2007, s.99)

Dersom eg seier muslim tenker nok dei fleste på sjølvmorsbombing, burka, kvinneundertrykking og liknande. Men dersom ein går inn for å lære og forstå vil nok dei fleste av oss få eit litt anna inntrykk av religionen og dei som trur på han. Det er nok mykje me ikkje er einige i, men me vil sjå at ikkje alle muslimar er like, og veldi få av dei er som me trur. Me må ikkje alltidd bruke media som kjelde til kunnskap. Dei fleste medium har fokus på sak og personar, noko som ikkje gjev oss det rette heilheitsinntrykket. Media er nemleg i stor grad med på å skape den redselen me har til for eksempel muslimar. Dei skapar ein frykt i oss, betre kjend som framandfrykt.   

På den andre sida kan pressa vere med på å skape forståing mellom personar med ulik kulturbakgrunn. Gjennom media kan me også få informasjon om andre kulturar som kan vere med på å skape forståing og byggje bruer. Det står på side 118 i mediemøte2 at, ”me kan sjå på journalistikk som ein type tverrkulturell kommunikasjon.” Gjennom aviser og liknande kan me lære kvarandre å kjenne. Det einaste ”kravet” er at me må gå  inn for det med eit ope sinn og ei forståing for at me har ulike syn på ting, utan at det eine treng vere meir rett enn det andre.

Alt i alt kan ein sei at media er med på å skape framandfrykt, og set ofte menneskjer med ei anna kulturell bakgrunn i eit dårleg lys. Samstundes er dei også på høgt nivå med på å byggje bruer mellom kulturar. Eg meina ikkje at det berre er media som lagar stereotypar. Så klart dei bidreg, men til sjuande og sist er det me som lesarar som står for fordommane. Det gjeld for oss å legge fokus på kunnskap om religion og kultur, og vise interesse for forståing. Me som lesarar vil nok bruke lenger tid på ei dobbelside i VG om 11. september enn ei dobbelside om islam, men det er då me som lesarar heller skal bruke dei ekstra minuttane det tek å komme gjennom sidene om islam. Islam er den nest største religionen i landet vårt. Me tenker kanskje ikkje over det, men dei er ein stor del av landet vårt. Når du tenkjer deg om, er alle muslimar terroristar? Er alle somaliar kriminelle? Er alle buddhistar munkar? Et alle nordmenn brunost på nistepakken? ….  

Kjelder:

 http://no.wikipedia.org/wiki/Stereotyp

Mediemøte2, Asbjørnsen m. fl.

http://no.wikipedia.org/wiki/Islam_i_Norge

Dagbladet

 

 

Hello world!

Welcome to WordPress.com. This is your first post. Edit or delete it and start blogging!